Presse

 

 

 

HELGE GRAVVOLD SLÅR AN MED MELODIØS OG MODERNE ROCK/POP

 

Melodiøs rock/pop med moderne tekster på nynorsk slår an både i Norge

og langt utanfor landets grenser!

 

Videoen til Helge Gravvold-singelen «Utan filter» vart lansert i juli 2016, og har passert 16.000 spelingar

på YouTube. På grunn av stor interesse i Brasil, er det også laga ei spesialutgåve av «Utan filter»-videoen med portugisiske undertekster. Denne er så langt sett over 6.800 gonge! Låta går også godt på Spotify, Tidal, iTunes og andre digitale plattformar – og gjer at forventningane er store til CD-en som kjem i 2017.

 

«Utan filter» er ein singel med tøff og elegant produksjon, originalitet og musikalsk eigenart.

Hitpotensialet er blitt solid bekrefta av at «Utan filter» blir tatt godt imot ikkje berre i Norge,

men også i land som Tyskland, Sverige, Mexico, Argentina og ikkje minst Brasil.

 

Brasilianske fans har delt videoen og gitt fantastisk god respons på Helge Gravvold si artistside på

Facebook. Svært gledeleg - og ikkje heilt uventa, sidan låta har ein umiddelbar appell

som går rett inn hos musikkfans uavhengig av landegrenser.

 

I tillegg til «Utan filter» har Helge Gravvold i 2016 også gjeve ut singelen «Djevelsk spetakkel»,

som har fått bra med speletid blant anna på NRK. I 2017 kom låta og ep'n «Den første og den siste» som

digital ep og som YouTube-video. Alle songane her er forsmak på kva som er i vente på hans tredje album.

 

Medieinteressa og radiospelinga har i 2016 vore god for den rutinerte vokalisten, gitaristen og låtskrivaren. Bl.a. brukte Sunnmørsposten ei heilside på Gravvold og teamet bak podcasten til Sandefjord Fotball meinte «Utan filter» var så fengande at dei presenterte låten

saman med eit intervju med tekstforfattar Bjørn Tore Brøske.

Gravvold vart også presentert i det populære programmet «Norsk på norsk» på NRK P1

og på Ordentlig Radio

 

Helge Gravvold er eit kjent namn frå radio og midtnorske konsertscener. Den allsidige musikaren har tidlegare gjort seg bemerka med pop og viserock, men dei nye singlane og det komande albumet

markerer ein retur til den smårøffe rocken han alltid har elska.

 

I 2017 skal han saman med multigitaristen Inge Bævre skape magi.

Helge Gravvold har ei eiga evne til å trylle fram melodilinjer som festar seg og skaper stemning. Dette kombinerer han med ei eiga evne til å kommunisere med tilhøyraren. Han er oppteken av at musikken og tekstane har sjel. Det han gjer må vere truverdig og ekte, både for seg sjølv og for publikum.

 

Inge Bævre er ein erfaren gitarist og musikar og han spelar blant anna med Øivind «Elg» Elgenes.

 

I 2017 presentere dei akustiske konsertar med eit utval av musikken som Helge Gravvold har gitt ut med nynorske tekster gjennom dei siste åra. Det blir ein konsert der dei vil vise spekteret frå pop til rock, og der dei tek med publikum inn sitt musikalske univers.

 

Tekstene er det Bjørn Tore Brøske og Jørgen Gravvold som står bak.

 

 

 

© Copyright. All Rights Reserved.